Ingvild Grane

Patterns available as Ravelry Downloads

Knitting: Mittens
Med tjukt og mjukt garn, og tjukke pinnar, strikkar du desse vottane på ein kveld - i alle fall nesten. Kos deg med å strikke dei i dine favorittfargar!
Knitting: Mittens
Hugsar du kaleidoskopet frå du var liten? Den vesle leike-kikkerten som viste stadig nye optiske mønster i det vesle kikkeholet? Som liten kunne eg kikke inn i kaleidoskop lenge, lenge om gangen, og fascinasjonen frå den gong har inspirert mønsteret på desse vottane, som vil skifte uttrykk totalt etter fargane du velger.
Knitting: Pullover
Ofte kan det vere vanskeleg å finne den gode, varme genseren som du har lyst til å ha på deg kvar dag. Den som kan hivast på over jeans eller ein kjole tidleg om morgonen, og som straks får deg til å føle deg fin og velkledd. Derfor har eg laga denne kvardagsfine genseren, som med ei rett og litt kort passform og smalare erme er så enkel at du ...
Knitting: Mittens
Har du lyst til å strikke eit par skikkeleg klassiske vottar i eit mønster som gjer mykje ut av seg? Parkvottar er like fine til kvardags som når du skal pynte deg. Strikk dei i dine favorittfargar!
Knitting: Mid-calf Socks
Gled deg til å strikke desse nostalgiske sokkane i eit nydeleg, smårutete mønster. Du treng berre små garnmengder, noko som gjer dei godt eigna for restegarnstrikk. Og fargane kan du sjølvsagt variere i det uendelege.
Knitting: Mittens
Norwegian text below!
Knitting: Pullover
STØRRELSE: Kvinne str XS (S) M (L) XL (2XL) 3XL
Knitting: Mittens
Ein klassisk tradisjonsvott i moderne utgåve, i størrelsar frå småbarn til kvinnehand. Gjennom fargeval tilpassar du enkelt Ibenvotten til din eigen stil. Gå for klassisk svart og kvitt, dine favorittfargar eller prøv nye fargekombinasjonar. Vottane er enkle å strikke, og supre til restegarnstrikk.
Knitting: Mittens
Desse vottane er inspirert av tradisjonelle, norske vevmotiv, og er laga med mål om at dei skal vere så klassiske og enkle i uttrykket at dei kan passe til alle - uansett kva stil ein har. Vottane passar både til kvardags og til dagar du vil pynte deg, og er skikkeleg varme og gode - heile vinteren gjennom.
Knitting: Mittens
Her er vottane som får deg til å føle deg fin kvar dag gjennom vinteren. Vottane er like fine både i fargerikt garn som i klassiske tonar, og sjølv om dei ser avanserte ut, er dei faktisk ganske enkle å strikke. Kanskje vil du strikke både knallraude julevottar og kvite eller marineblå kvardagsvottar?
Knitting: Mid-calf Socks
Desse sokkane er tynne nok til å kunne brukast heile året, både vår, vinter og kalde sommardagar, men likevel varme nok til at du aldri treng å fryse på føttene. Mønsteret er enkelt å følge, og passer godt dersom du ikkje har prøvd deg på fleirfargestrikk før.
Knitting: Mittens
Norwegian below!
Knitting: Christmas Stocking
Har du også lyst til å strikke julepynt i adventstida?
Knitting: Mid-calf Socks
NORWEGIAN BELOW:
Knitting: Mittens
Klassiske, varme vottar! I denne pakken får du alle vottestørrelsane samla: Både damevott, herrevott, babyvott og vottar til store og små barn.