patterns > KO strikker's Ravelry Store and 1 more...
> Adventsmysteriet 2020
Adventsmysteriet 2020
Dette er eit gratis mønster, men om du har anledning og vil støtte KOstrikker så det blir enklere å fortsette med mønstermekking kan du kjøpe ein kaffi til meg på https://ko-fi.com/kostrikker
Takk!
Mønsterinfo
Så kjekt at du ville vere med meg på eit lite adventsmysterie! Dette er mitt første mysteriemønster der du som kjøper ikkje veit korleis heile mønsteret ser ut på forhånd. I dette mønsteret kan du velje mellom to tjukkelsar, Rauma 3trådsstrikkegarn og Rauma finull med dei respektive strikkefastleikane 26 og 29 m på 10 cm. Du kan velje andre garn, men eg vil anbefale å bruke norsk ull for å sikre både dyrevelferd og gode arbeidsvilkår for alle involvert. I tillegg til at ulla er svanemerka og slitesterk.
I tillegg til at mønsteret er i to tjukkelsar er det skrive for to storleikar i kvar tjukkelse så du skal finne ein vott som passar deg.
I mønsteret vil du òg finne ein versjon med symbol inni handflata og ein utan, så her er det berre å velje og vrake!
Eg har valgt å gå for koksgrå og natur i mine 3tråds-vottar, men vil gjerne at de veljer heilt andre fargar!
Du kan skaffe deg tilgong til samstrikken og mønsteret no, men første del kjem ikkje før 29 november. I løpet av 29 november vil du få første oppdatering på Ravelry og mail om du har kjøpt mønsteret.
Dei ulike delane av mønsteret sleppast
29 november
6 desember
13 desember
20 desember
God advent, eg vonar du vil vere med meg på dette!
Treng du hjelp med mønsteret kan du sende ein epost til kostrikker@gmail.com
Storleik dame og herre
Strikkefastleik 26 m/10 cm (rauma 3 tråds) og 29 m/10 cm (rauma finull)
Pinnenummer 2,5mm og 3,5mm (rauma 3tråds) og 2,5mm og 3mm (rauma finull)
Garnforslag Rauma 3 trådsstrikkegarn/Rauma finull
Mengde 50/100g bunnfarge og 50g mønsterfarge
6368 projects
stashed 5693 times
11146 projects
stashed 9642 times
- First published: November 2020
- Page created: November 21, 2020
- Last updated: November 7, 2024 …
- visits in the last 24 hours
- visitors right now