Bølgepledd jr. by Lisbeth S Grytten

Bølgepledd jr.

Knitting
March 2023
Worsted (9 wpi) ?
17 stitches and 26 rows = 4 inches
US 10 - 6.0 mm
1094 yards (1000 m)
90 x 130 cm
Norwegian
This pattern is available for kr.70.00 NOK buy it now

Bølgepledd jr er “veslebroren” til det store Bølgepleddet i Vams. Fivel er like mjukt og varmt som Vams, berre litt tynnare. Du strikkar det på pinne 6, eller på den pinnen som gir ein strikkefastleik på 17-18 maskar på 10 cm breidde.

For å få ein storleik på ca 90 x 130 cm treng du om lag 10 nøster. Du kan lett endre storleik på pleddet ved å legge til eller trekke frå ein mønsterrapport. Du kan òg strikke det kortare eller lengre om du ønskjer det.

Bølgepledd jr er eit supert pledd til dei minste, men det kan òg brukast som eit “halvpledd” til vaksne. Det er akkurat passe stort til å legge i fanget eller omkring skuldrane.