Borealis by KO strikker

Borealis

Knitting
September 2022
DK (11 wpi) ?
20 stitches and 25 rows = 4 inches
US 2½ - 3.0 mm
US 6 - 4.0 mm
1640 - 2734 yards (1500 - 2500 m)
100 (112) 120 (128) 140 (152) 160 cm
Norwegian

Overvidde 100 (112) 120 (128) 140 (152) 160 cm
Lengde på bol 55 (55) 60 (65) 70 (75) 75 cm
Rundpinne 3 mm og 4 mm
Tettleik 20 m/10 cm glattstrikk 22 m/10 cm vrangbord
Garnforslag Garn med 90-110 m per 50 g (Embla, Peer Gynt)
Mengde g Ca 800 (900) 950 (1000) 1100 (1200) 1250 g

Mønster info

Denne gensaren er laga med gamla skigenserar i tankane. Den er stor og firkanta i mellomtjukt garn og har eit enkelt mønster. Mønsteret har eg utarbeidd frå ein del av eit åkle på Kystmuseet i Øygarden. Det viste seg å passe godt til å få strikka opp ein del restegarn og er lett å hugse på utan eit diagram foran seg.
Vel storleik ut i frå dine eigne mål og kva du likar. Har du ein gammal gensar du liker passformen på, mål den. Viss ikkje så anbefaler eg mellom 10 og 25 cm ekstra bevegelsesvidde på bolen og frå 5 til 15 cm ekstra bevegelsesvidde på erma. Her kan du velje overvidde på bolen og ermestorleiken uavhengig av kvarandre sidan du skal sy på erma etterpå.
Om du deler ditt prosjekt på sosiale medium sit eg stor pris på det om du taggar meg (@kostrikker) og gjerne bruker emneknaggane #kostrikker og #borealisgenser

Treng du hjelp med mønsteret, send ein mail til kostrikker@gmail.com

GARN

Dette er gensaren for å finne fram restegarnet! Min gensar er strikka i diverse restar, nokre nær min alder frå mamma si korg, nokre er kjøpte i år, andre er berre nokre år gamle. Eg kan ikkje gje noko eksakt mål på kor mange gram eg har brukt av kvar farge for eg vog ingenting før eg starta. Min filosofi var å finne fargar eg tykte om og som gjorde meg glad når eg såg på dei. Eg valde likevel å lage litt system i galskapen med å ha kvitt som kvar sjuande rad og bytta litt mellom ulike restar i same farge for å variere bolkane med fargar. Eg valde også å strikke erma først (då kunne eg velje om eg ville ha ein einsfarga eller fargerik bol) og valde å strikke dei like for å gi litt symmetri til plagget.
Eg brukte alt av restar som hadde lik tjukkelse, men her vel du sjølv. I min gensar er det Sandnes Peer Gynt, Rauma 3 trådsstrikkegarn, Hifa Embla, Trysil Kamgarn, Gjestal Vestlandsgarn og sikkert fleire. Det dei har til felles er at dei er av 100% ull og har mellom 90 og 110 m per 50 gram. Det er garn som gir ein god tjukkelse og har god dekkevne med ein strikketettleik på 20 masker på 10 cm. Du kan sjølvsagt strikke gensaren i kun to fargar, kun ha mønster på bolen/erma eller berre delar av gensaren.
Modellen er strikka i storleik 128 cm overvidde og eg brukte eksakt 871 gram garn til saman. Hugs at gensaren er dobbel på grunn av mønsteret og det er grunnen til at gensaren blir så tung.
Garnmengda som er foreslått er garnmengda eg har rekna ut som sannsynlig trengs + 15% ekstra så du har litt å gå på med lengde, vidde, strikketettleik forskjellar i plagget.