Davvi genser by KO strikker

Davvi genser

Knitting
August 2021
Aran (8 wpi) ?
14 stitches and 21 rows = 4 inches
US 7 - 4.5 mm
US 8 - 5.0 mm
807 - 1345 yards (738 - 1230 m)
86 (96) 106 (116) 126 (136) 146 (156) 166 cm overvidde
Norwegian

Dette er eit gratis mønster, men om du har anledning og vil støtte KOstrikker så det blir enklere å fortsette med mønstermekking kan du kjøpe ein kaffi til meg på https://ko-fi.com/kostrikker
Takk!

Mønster info

Davvi er ein litt laus turgenser med rundfelling. Strikkast med tjukt garn og gjerne med ein høg hals for å få litt ekstra varme. Davvi er nord på nordsamisk og sidan mønsteret er inspirert av nokre av dei samiske vottane i Aust-Finnmark vil eg vise det. Genseren er inspirert av både fjord, fjell og samiske vottar.
Velg ein storleik med 5-10 cm ekstra bevegelsesvidde så du får plass til både eit og to lag under. Genseren er avbilda med ca 5-6 cm positiv bevegelsesvidde og det er plass til både ull og ei skalljakke under.
Om du deler ditt prosjekt på instagram bruk gjerne #davvigenseren og #kostrikker og tag @kostrikker
Treng du hjelp med mønsteret, send ein mail til kostrikker@gmail.com

GARNMENGDE
Modellen er strikka i Rauma Vams i fargane lysgrå melert (03), mørk rød (23) og mørk petrol melert (404). Modellen er strikka i den fjerde storleiken og det blei brukt eksakt 517g bunnfarge, 60g kontrast A, 9g kontrast B. Difor vil eg oppfordre til å bruke restegarn som kontrast i staden for å kjøpe nytt garn til mønsterfargane.
Bunnfarge (Rauma Vams 03): ca 450 (450) 500 (550) 600 (600) 650 (700) 750 g
Kontrast A (Rauma Vams mørk rød 23) ca 50 (100) 100 (100) 100 (150) 200 (200) 250 g
Kontrast B (Rauma Vams mørk petrol melert 404) ca 50 (50) 50 (50) 50 (50) 50 (50) 50 g

Overvidde 86 (96) 106 (116) 126 (136) 146 (156) 166 cm
Lengde på bol 35 (36) 37 (38) 39 (40) 42 (42) 43 cm

Pinnenr 4 mm og 5 mm
Fastleik 14 m/10 cm glattstrikk og 18 m/10 cm på den minste pinnen
Garnforslag Rauma Vams