Ensigenseren by KO strikker

Ensigenseren

Knitting
March 2021
Aran (8 wpi) ?
14 stitches = 4 inches
US 6 - 4.0 mm
US 9 - 5.5 mm
820 - 2187 yards (750 - 2000 m)
86 (97) 106 (114) 127 (137) 146 (158) 167 cm
Norwegian
This pattern is available as a free Ravelry download

Dette er eit gratis mønster, men om du har anledning og vil støtte KOstrikker så det blir enklere å fortsette med mønstermekking kan du kjøpe ein kaffi til meg på https://ko-fi.com/kostrikker
Takk!

Ensi er ein litt laus turgenser med rundfelling. Strikkast med tjukt garn og gjerne med ein høg hals for å få litt ekstra varme. Ensi tyder første på kvensk. Det er min første rundfelte genser og er inspirert av både fjord og fjell i Nord-Norge.
Velg ein storleik med 5-10 cm ekstra bevegelsesvidde så du får plass til både eit og to lag under.
Om du deler ditt prosjekt på instagram bruk gjerne #ensigenseren og #kostrikker og tag @kostrikker Treng du hjelp med mønsteret, send ein mail til kostrikker@gmail.com

GARNMENGDE
Modellen er strikka i dobbel Finull frå Rauma garn med innslag av Rauma Vams og rester av Kauni og PT2. Fargekodane er til Finull/Vams eg tenker har liknande fargar som er brukt i modellen. Modellen er strikka i den fjerde storleiken og det blei brukt eksakt 370g bunnfarge, 42g kontrast A, 12g kontrast B, 93g kontrast C, 44g kontrast D, 35g kontrast E og 42g kontrast F.
Bunnfarge (Finull PT2 natur f 404): ca 300 (350) 350 (400) 450 (500) 550 (600) 650 g
Kontrast A (Rauma Vams mørk melert oransj f 401) ca 50 (50) 50 (50) 100 (100) 100 (100) 100 g Kontrast B (Rauma Vams mørk melert rød f 400) ca 50 (50) 50 (50) 50 (50) 50 (50) 50 g Kontrast C (Rauma Vams natur f 01) ca 100 (100) 100 (100) 150 (150) 150 (200) 200 g
Kontrast D (Rauma Vams vinrød f 35) ca 50 (50) 50 (50) 50 (50) 50 (50) 50 g
Kontrast E (Rauma Finull PT2 Rødbrun f 4064) ca 50 (50) 50 (50) 50 (100) 100 (100) 100 g Kontrast F (Rauma Vams mørk brun melert f 64) ca 50 (50) 50 (50) 50 (50) 50 (50) 50 g