Fargefestgenseren by Ingvild Grane

Fargefestgenseren

Knitting
August 2022
Worsted (9 wpi) ?
21 stitches and 18 rows = 4 inches
in Stranded
US 8 - 5.0 mm
US 7 - 4.5 mm
1094 - 1969 yards (1000 - 1800 m)
XS, S, M, L, XL, 2XL, 3XL
Norwegian
This pattern is available for kr.80.00 NOK buy it now

STØRRELSE: Kvinne str XS (S) M (L) XL (2XL) 3XL
OVERVIDDE: Ca 90 (100) 104 (114) 127 (134) 144 c m
GARN: Alpakka Ull frå Sandnes garn
ANBEFALTE PINNAR: Liten og stor rundpinne nr 4,5 og 5 + settpinnar nr 4,5 til ermemansjettar. Hugs
at pinnestørrelsen berre er veiledande. Strikk gjerne ein prøvelapp slik at du er sikker på at
pinnestørrelsen gir deg riktig strikkefastheit.
STRIKKEFASTHEIT: 21 m mønsterstrikk på pinne nr 5 = 10 cm
TOTAL GARNMENGDE: Ca 500 (550) 600 (700) 850 (850) 900 gram

Du kan velge om du vil strikke mønsteret med to fargar, tre, fire, fem, seks eller mange fleire fargar. Jo fleire fargar du velger, jo mindre garn treng du av kvar farge. Du finn ut kor mykje du treng av kvar farge ved å dele total garnmengde minus 50 gram for størrelsen din på talet på fargar du vil strikke med, og deretter plusse på littegrann. Strikkar du for eksempel str M i 4 fargar, treng du ca 130 gram av kvar farge. I tillegg må du rekne med 50 gram ekstra i den fargen du strikkar halskant, mansjettar og nederkant i - dersom du vil strikke alle kantar i samme farge.

Mønsteret passar veldig fint til å både veksle mellom innkjøpt garn og restegarn, og kan også strikkast i 100% restegarn i massevis av forskjellige fargar. Hugs berre på at dersom du brukar anna garn enn det som står anbefalt her i oppskrifta, bør strikkefastheita vere omtrent som oppgitt for at størrelsen skal stemme.

Fargefestgenseren strikkast ovanfrå og ned med raglansaukingar, slik at du kan tilpasse både lengden på bolen og lengden på ermer slik at dei passer deg. Genseren har i utgangspunktet ein litt kort passform, så om du vil ha den lengre, strikkar du berre litt lengre enn det som står oppgitt i oppskrifta. Hugs at du i så fall vil trenge litt meir garn enn det som er oppgitt.

Du startar med å strikke vendingar i nakken, slik at genseren får god passform og ikkje strammar i halsen. Når du kjem til ermene set du erme-maskene av, og strikkar bolen ferdig, før du strikkar ferdig ermene etterpå. Halskanten strikkast til slutt.

Ermene har ein litt vid passform som smalnar inn mot mansjettane ved handleddet, slik at dei posar seg litt heilt nederst.