Fargerutesokkar by Ingvild Grane

Fargerutesokkar

Knitting
January 2023
Light Fingering ?
34 stitches and 32 rows = 4 inches
in Stranded
US 1½ - 2.5 mm
273 - 328 yards (250 - 300 m)
Herre, Kvinne, Barn
Norwegian
This pattern is available for kr.60.00 NOK buy it now

Gled deg til å strikke desse nostalgiske sokkane i eit nydeleg, smårutete mønster. Du treng berre små garnmengder, noko som gjer dei godt eigna for restegarnstrikk. Og fargane kan du sjølvsagt variere i det uendelege.

Størrelse: Herre (Kvinne) Barn ca 6-9 år (Barn ca 3-5 år). Fotlengda kan justerast når du strikker, slik at den passer til alle herre-, kvinne- og barnestørrelsar.
Garn: Arwetta frå Filiconlana.
Garnmengde: ca 50 (40) 35 (30) g garn av grunnfargen, og ca 20 (15) 10 (10) g garn av kvar av dei to mønsterfargane.
Strikkefastheit: 34 masker mønsterstrikk på pinne nr 2,5 = 10 cm
Pinnar: Strømpepinnar nr 2,5

Tips! Du kan også strikke med andre garn enn Arwetta. Pass imidlertid på at garnet har omtrent same strikkefastheit, slik at sokken ikkje blir for stor eller for liten. Det kan også vere lurt å velge eit garn som inneheld litt nylon når du strikkar sokkar. Då blir dei mykje meir slitesterke, og varar lenge.

Om mønsteret og fargane:
Du kan strikke fargerutesokkane i akkurat dei fargane du vil, men for å få til spelet mellom dei ulike fargane, er dette nøkkelen: Velg ein grunnfarge som er ein lys fargevariant, for eksempel ein lys grønn, ein lys blå, ein rosa eller ein gråfarge. I tillegg treng du to mønsterfargar. Eg anbefaler at den eine mønsterfargen er ein mørkare variant av grunnfargen din. Om vi tek utgangspunkt i eksempela eg har brukt for grunnfarge, vil mønsterfargen vere ein mørk grønn, mørk blå, raud/mørk rosa eller svart. I tillegg anbefalar eg at du brukar kvit, kremfarga, offwhite eller liknande som mønsterfage nr 2. Den kvite fargen vil gi ein fin kontrast til dei to andre fargane, og få dei til å verkeleg kome til sin rett.