patterns > KO strikker's Ravelry Store
> Fjellheimgenseren
Fjellheimgenseren
Dette er eit gratis mønster, men om du har anledning og vil støtte KOstrikker så det blir enklere å fortsette med mønstermekking kan du kjøpe ein kaffi til meg på https://ko-fi.com/kostrikker
Takk!
Inspirasjon
I løpet av hausten 2019 blei eg utfordra på å lage ein eigen Fjellheimgenser. Det tok si tid, men etter fleire forsøk og planar blei det til slutt ein enkel genser. Den tilhøyrer dei vanlege, norske skigensrane og har bordar frå for eksempel Setesdalskofta. Med ein romsleg overvidde er det ein god genser å bruke både inne og ute. Med fjell, stjerner og kjærleik så vonar eg du liker gensaren!
Lurer du på noko så send gjerne ein melding til meg på instagram eller på kostrikker@gmail.com
Storleikar
- Overvidde: 90 (106) 115 (123) 130
- Heil lengde: 62 (64) 66 (67) 68
- Ermelengde: 48 (50) 52 (52) 53
- Er ikkje størrelsen din med her? Vær så snill å ta kontakt og så vil eg hjelpe med å lage ein genser som passar til deg! Og det vil hjelpe meg med å bli betre som designer òg
Mengde garn:
- Peer Gynt (100% ren ny ull, 50g = 91 m)
- Koksgrå 1088: 550 (600) 650 (700) 750 g
- Natur 1012: 150 (150) 200 (200) 200 g
Veiledande pinnar og utstyr:
- Rundpinnar og strømpepinnar nr 3 mm til vrangbordar
- Rundpinnar og strømpepinnar nr 3,5 mm til glattstrikk og mønster
- Strikkefastleik: 22 m glattstrikk på p nr 3,5 = 10 cm
- Maskemarkørar, stoppenål, saks, hjelpepinnar/trådrestar og symaskin
RETTELSER
I størrelse L skal du sette merke etter 127 og 125 masker, ikkje 127 og 127.
14052 projects
stashed 8749 times
13632 projects
stashed 7653 times
- First published: March 2020
- Page created: March 30, 2020
- Last updated: November 7, 2024 …
- visits in the last 24 hours
- visitors right now