Gradientgenseren (vaksen) by Hanne Remme

Gradientgenseren (vaksen)

Knitting
September 2021
yarn held together
Fingering
+ Lace
= Fingering (14 wpi) ?
19 stitches = 4 inches
US 7 - 4.5 mm
US 8 - 5.0 mm
766 - 1859 yards (700 - 1700 m)
tusenfryd – løvetann – (rose – solsikke) – lavendel – blåklokke – (tulipan – kvitveis) – krokus - lilje
Norwegian
Free Pattern also available for free: info in notes
This pattern is available for kr.75.00 NOK
A free version is also available. buy it now

Informasjon om oppskrifta
Gradientgenseren vert strikka med to trådar gjennom heile arbeidet; ein tråd tynn merinoull og ein tråd mohair. Dette gjer plagget lett og luftig. Genseren vert strikka nedanfrå og opp, og har raglanfelling på bærestykket. For å få rund halskant feller ein masker undervegs i raglanfellinga, og plukker opp nye masker når ein skal strikke halskant. Dette er eit strikkeprosjekt som egnar seg godt til nybegynnarar.

Størrelsar
tusenfryd – løvetann – (rose – solsikke) – lavendel – blåklokke – (tulipan – kvitveis) – krokus - lilje

Denne genseren har ein laus passform, og skal vere litt oversized. For å finne din størrelse, mål din omkrins rundt brystet, og legg til 10-15cm, avhengig av kor laus passform du ynskjer.

Finn du ikkje din størrelse? Send meg ein e-post (strikkeremme@gmail.com), så finn me ei løysing saman!

Mål
Overvidde: ca 80 – 85 – (95 – 105) – 115 – 125 – (135 – 145) – 155– 165

Strikkefasthet
19/10cm

Pinnar
4,5mm 60/80/100cm rundpinne og strømpepinnar.
5mm 60/80/100cm rundpinne og strømpepinnar.

Pinnestørrelsar er kun rettleiande. Du må sjølv velje dei pinnane du treng for å få rett strikkefasthet

Garnforslag hovudtråd og mønsterfarge
Sandnes tynn merinoull
Viking garn babyull
Babygarn frå Trysil (Europris)

Garnforslag følgetråd
Sandnes tynn silk mohair
Viking kid-silk
Fluffy frå Trysil (Europris)

Garnmengd
Grunnfarge hovudtråd (merino): 150 – (200) – 250 – (250) – 250g
Mønsterfarge 1, 2 og 3 (merino): ca 50 – (50) – 50 – (100) – 100g av kvar farge
Grunnfarge følgetråd (mohair): 125 – (150) – 150 – (200) – 200g

I modellen vert det brukt 1 farge følgetråd, men du kan også tilpasse følgetrådens farge til mønstefargane om du ynskjer det.