Hjerteflettegenseren by Samfjordstrikk

Hjerteflettegenseren

Knitting
January 2021
both are used in this pattern
yarn held together
Sport
+ Sport
+ Lace
= Bulky (7 wpi) ?
14 stitches = 4 inches
7.0 mm
1340 - 1722 yards (1225 - 1575 m)
XS - S - M - L - XL - XXL
Norwegian Swedish
This pattern is available for kr.60.00 NOK buy it now

Hjerteflettegenseren er strikka nedanfrå og opp. Ermane er også strikka nedanfrå og opp, og blir sydd på bolen. Dette er ein kort og smal modell. Vi rår til å sjekke overvidde før du avgjer kva storleik du vil strikke.
Om du ynskjer ein lengre modell er det best å strikke nokre cm lengre glattstrikk før mønster. Genseren er strikka i Rauma Garn sin Finull fordi dette er 100% norsk ull, produsert nokså lokalt for oss. Finull har 136 forskjellige farger så vi er rimeleg sikker på at du finn fargen du er glad i! I tillegg er det brukt Tynn Silk Mohair frå Sandnes Garn då dette er eit mohair-garn utan plast. Vi har vore opptekne av nettopp det då vi designa denne genseren. Kombinasjonen av garn vi har brukt har vi aldri sett tidligare og det syns vi er gøy.

Garn: Dobbel tråd Rauma Garn Finull + enkel tråd Sandnes Garn Tynn Silk Mohair

Garnemengde: 350-(350)-400-(400)-450-(450) g Finull og 75-(75)-75-(100)-100-(125) g Tynn Silk Mohair.

Garnalternativ. Alternativ til Finull: Rauma Garn Tumi, Ístex Álafoss Lopi Garn (enkel tråd). Alternativ til Tynn Silk Mohair: Viking Kid Silk, Knitting for Olive Soft Silk Mohair.

Mål:
Hel lengde: 47-(48)-49-(49)-51-(51) cm
Overvidde: 85-(89)-95-(106)-110-(123) cm
NB! Genseren utvider seg noe ved vask og bruk. Overvidde er oppgitt med det som utgangspunkt. Husk å tørke genseren flatt.
Ermlengde: 59-(59)-(60)-60-(61)-61 cm