patterns > Silje Lødøen Fiksdal og Charlotte Björkgren Håvik's Ravelry Store
> Hjerteflettevesten mini
Hjerteflettevesten mini
Hjerteflettevesten er strikka nedanfrå og opp for å få flettene riktig veg. Den har to hjertefletter i midten av for- og bakstykket, og resten av vesten er strikka i glattstrikk. Vesten er litt kortare enn lengda på ein barnegenser og det er anbefalt å strikke noko lengre før ein fell av til opning for ermane dersom ein ønsker ein lengre versjon.
Vesten er strikka i Rauma Tumi då dette er eit mjukt og godt garn. Rauma Finull er eit godt alternativt garn då dette er 100% norsk ull. Dette kan kjennes litt stivt ut, men blir mjukare med vask og bruk.
Garnmengde: 150 – (150) – 200 – (250) – 300 g
Garnalternativ: Enkel tråd Rauma Garn Vams eller dobbel tråd Rauma Garn Finull.
Pinnestørrelse: 6 mm, rundpinne 40 eller 60.
Strikkefasthet: 16 m = 10 cm.
Mål:
Lengde: 31-(34)-36-(38)-40 cm
Overvidde: 56-(61)-64-(69)-74 cm
1871 projects
stashed 1308 times
- First published: February 2022
- Page created: February 26, 2022
- Last updated: August 5, 2022 …
- visits in the last 24 hours
- visitors right now