Kaleidoskopvottar by Ingvild Grane

Kaleidoskopvottar

Knitting
October 2023
Sport (12 wpi) ?
28 stitches and 28 rows = 4 inches
in Stranded
US 1½ - 2.5 mm
Kvinne
Norwegian
This pattern is available for kr.60.00 NOK buy it now

Hugsar du kaleidoskopet frå du var liten? Den vesle leike-kikkerten som viste stadig nye optiske mønster i det vesle kikkeholet? Som liten kunne eg kikke inn i kaleidoskop lenge, lenge om gangen, og fascinasjonen frå den gong har inspirert mønsteret på desse vottane, som vil skifte uttrykk totalt etter fargane du velger.

Størrelse: kvinne
Garn: Finull frå Rauma garn
Pinnestørrelse: 2,5, eller den pinnestørrelsen du treng for å få rett strikkefastheit
Garnmengde: ca. 30 gram av grunnfargen, ca. 25 gram av mønsterfargen
Strikkefastheit: 28 masker og 28 rader mønsterstrikk på pinne nr. 2,5 = 10 cm
Fargar: 443 mørk jeansblå og 400 kvit
Lengde: mansjett ca. 7 cm, hand 19 cm, til saman 26 cm
Breidde: 10 cm målt tvers over handbaken ovanfor tommelen

Tips! Du kan også strikke med anna garn enn det som er oppgitt her. Pass imidlertid på at garnet har omtrent same strikkefastheit som garnet i oppskrifta, slik at votten ikkje blir for stor eller for liten. Det er også lurt å velge eit garn i 100% ull, sidan votten vil tove i bruk, og etterkvart bli enda tjukkare og varmare.