patterns > Johanne Hellemo
> Kontstrikkhals
Kontstrikkhals
Kontstrikkhals er ein varm og god hals med ribbestrikk og kontstrikk. Eit perfekt prosjekt for gåvestrikk, restestrikk og for å vise fram vakkert, handfarga garn.
Kontstrikk er ein gammal strikketeknikk som består av å strikke ruter. Ferdig strikka ser det ut som at ein har fletta strikka remser saman. Namnet kjem frå neverkont, som er fletta remser med never frå trær. Ein finn gamle plagg med kontstrikk i heile Norden og i Estland, og har vore brukt som dekor på vottar og strømper og i heile plagg. På engelsk heiter teknikken entrelac.
Kontstrikk er i dag på raudlista til Noregs Husflidslag. Det vil seie at det er ein teknikk som få kan og som ein frykter skal bli gløymt. Ved å strikke denne oppskrifta, er du med på å ta vare på eit stykke verdifull kulturarv.
Garn: Vidde lamullgarn/Varde pelsullgarn frå Hillesvåg Ullvarefabrikk.
Fargealternativ 1, med kontrastfarge i hals, 3. ruterad og i-cordkant:
A: Vidde Naturgrå, farge 321: 200 gram
B: Vidde «Skal vi danse» frå Værbitt: 50 gram
Fargealternativ 2:
Vidde: 250 gram
Alternative garn: Vams frå Rauma Garn eller to trådar Finull frå Rauma Garn.
Strikkefastheit: 17mx26r glattstrikk =10x10cm etter vask i ønska glattstrikkteknikk (glattstrikk
med eller utan å snu strikketøyet). Prøvelappen strikker du som ein vanleg prøvelapp i glattstrikk,
og skyller den opp og tørker flatt før du måler.
Anbefalt pinne: 4,5 lang rundpinne til kontstrikk og i-cordkant og 4,5 kort rundpinne til halsen.
Ferdig storleik: 38 cm vid, 63 cm lang. 21 cm lang hals.
2023 projects
stashed 1499 times
527 projects
stashed 383 times
756 projects
stashed 507 times
- First published: December 2022
- Page created: December 8, 2022
- Last updated: December 9, 2022 …
- visits in the last 24 hours
- visitors right now