KO's vottehefte 2021 by KO strikker

KO's vottehefte 2021

Knitting
May 2021
Worsted (9 wpi) ?
26 stitches and 29 rows = 4 inches
US 1½ - 2.5 mm
US 4 - 3.5 mm
547 - 984 yards (500 - 900 m)
Liten [Stor]
Norwegian

Dette er eit gratis mønster, men om du har anledning og vil støtte KOstrikker så det blir enklere å fortsette med mønstermekking kan du kjøpe ein kaffi til meg på https://ko-fi.com/kostrikker
Takk!

Mønster info
Garnmengde 250g bunnf, 200g mønsterf 300g bunnf, 200g mønsterf

Hei! Eg vil berre byrje med å takke for støtta rundt dette heftet!

I byrjinga av dette heftet så står det ei samla garnmengde for alle vottane, du treng sjølvsagt ikkje å kjøpe inn alt det garnet om du ikkje vil strikke alle vottane, men om du vil strikke alle er det eit overslag om kor mykje du kan trenge. Om du berre vil strikke eit par treng du ca 50 g bunnfarge for den små storleiken og 100 g bunnfarge for den store og 50 g mønsterfarge. I den små storleiken bruker eg rundt 40 g bunnfarge og 25 g mønsterfarge, men til større vottar kjem eg gjerne opp i 55-60 g bunnfarge og 30-35 g mønsterfarge.

For at de skal sleppe å skrive ut mange, mange sider har eg valgt å skrive “oppskrifta” først og har alle diagramma etterpå med namn. Vottane strikkast på same måte, men med forskjellig mønster. Eg har òg valgt å legge inn fleire bilete til slutt så du kan velje om du vil skrive dei ut sjølv. Desse vottane har namn etter fire av tantene mine og garden eine onkelen min bygde seg. Dette er fire damer og ein plass som har betydd mykje for meg og som fortsett å bety mykje. Damer som er sterke, gode, omsorgsfulle og gode forbilder for meg. Mønstera er inspirert av selbuvottar, av skjerf, genserar, åkle, gamle tekstil og folkekunst.

Om du deler bilete av vottane kan du gjerne bruke emneknaggen #kosvottehefte2021 og #Audvotten, #Maritvotten, #Irenevotten, #Lillyvotten og #Jaranevotten. Du kan gjerne tagge meg, @kostrikker eller bruke #kostrikker på instagram så eg får sjå dei fine vottane dine!

Treng du hjelp med mønsteret kan du sende ein epost til kostrikker@gmail.com