Kvardagsfin genser by Ingvild Grane

Kvardagsfin genser

Knitting
October 2023
Worsted (9 wpi) ?
19 stitches = 4 inches
in Pearl knit
US 7 - 4.5 mm
US 8 - 5.0 mm
XS, S, M, L, XL
Norwegian
This pattern is available for kr.80.00 NOK buy it now

Ofte kan det vere vanskeleg å finne den gode, varme genseren som du har lyst til å ha på deg kvar dag. Den som kan hivast på over jeans eller ein kjole tidleg om morgonen, og som straks får deg til å føle deg fin og velkledd. Derfor har eg laga denne kvardagsfine genseren, som med ei rett og litt kort passform og smalare erme er så enkel at du kan bu i han heile vinteren og vere kvardagsfin kvar dag.

Størrelsar: XS (S) M (L) XL
Garn: Alpakka Ull frå Sandnes garn
Garnmengde: 450 (450) 500 (600) 600
Strikkefastheit: 19 masker perlestrikk på pinne nr 5 = 10 cm
Pinnar: Rundpinnar og strømpepinnar nr 4,5 og 5

Mål:
Brystvidde: 42 (44) 52 (54) 58 cm
Lengde frå nederkant til skulder: 52 (53) 53 (54) 55

Tips! Du kan også strikke med andre garn enn dei som er oppgitt her. Pass imidlertid på at garnet har omtrent same strikkefastheit som garnet i oppskrifta, slik at genseren ikkje blir for stor eller for liten.

Genseren skal strikkast nedanfrå og opp. Du startar med å strikke bolen, og strikkar deretter erma for seg, før du strikkar alt inn på same pinne til slutt.