patterns >
Ingvild Grane's Ravelry Store
> Midtvintervottar
















Midtvintervottar
Her er vottane som får deg til å føle deg fin kvar dag gjennom vinteren. Vottane er like fine både i fargerikt garn som i klassiske tonar, og sjølv om dei ser avanserte ut, er dei faktisk ganske enkle å strikke. Kanskje vil du strikke både knallraude julevottar og kvite eller marineblå kvardagsvottar?
Størrelse: Dame
Garn: Vottane strikkast med dobbel tråd, der den eine tråden er merino eller alpakka silke, og den andre er mohair. Då får du vottar som både er mjuke, varme og tette. Her er forslag til garnkombinasjonar:
- Light merino + Pure silk mohair frå Un-told
- Merino + Soft silk mohair frå Knitting for Olive
- Arwetta frå Filiconlana + Alpaca Silk frå Rauma garn
- Alpakka Silke frå Rauma garn + Hip mohair frå Hip Knit Shop
- Sunday frå Sandnes garn + Alpaca Silk frå Rauma garn
- … eller kombinasjonar av andre garn som er er omtrent like tjukke som desse.
Garnmengde: Ca 50 gram av garnet i merino eller alpakka silke + ca 25 gram av garnet i mohair.
Pinnestørrelse: Pinne nr 3, eller pinnestørrelsen du treng for å oppnå riktig strikkefastheit.
Strikkefastheit: 26 masker glattstrikk i dobbel tråd på pinne nr 3 = 10 cm
Vottane strikkast rundt og rundt, først i ribbestrikk og deretter med glattstrikk og tommelauking inni handa og med mønsterrapport på oversida av handa.
51889 projects
stashed
26116 times
697 projects
stashed
344 times
6505 projects
stashed
4140 times
24344 projects
stashed
13762 times
29313 projects
stashed
14178 times
318 projects
stashed
156 times
13292 projects
stashed
6157 times
- First published: November 2021
- Page created: November 5, 2021
- Last updated: November 19, 2022 …
- visits in the last 24 hours
- visitors right now