patterns > KO strikker's Ravelry Store
> Nordafor genser
Nordafor genser
Dette er eit gratis mønster, men om du har anledning og vil støtte KOstrikker så det blir enklere å fortsette med mønstermekking kan du kjøpe ein kaffi til meg på https://ko-fi.com/kostrikker
Takk!
Mønster info
Nordafor er ein litt laus turgenser med rundfelling. Strikkast med tjukt garn og gjerne med ein høg hals for å få litt ekstra varme. Nordafor er akkurat det, nord for, gjerne skrive nordaførr om du er ein ekte nordlending, men sidan eg er ein søring blir det nordafor. Den er inspirert av både fjord, fjell og samiske vottar.
Velg ein storleik med 5-10 cm ekstra bevegelsesvidde så du får plass til både eit og to lag under. Genseren er avbilda med over 15 cm positiv bevegelsesvidde.
Om du deler ditt prosjekt på instagram bruk gjerne #nordaforgenseren og #kostrikker og tag @kostrikker
Treng du hjelp med mønsteret, send ein mail til kostrikker@gmail.com
GARNMENGDE
Modellen er strikka i Rauma Vams i fargane natur (01), mørk rød (23) og mørk petrol melert (404). Modellen er strikka i den femte storleiken og det blei brukt eksakt 462g bunnfarge, 77g kontrast A, 26g kontrast B.
Bunnfarge (Rauma Vams 01): ca 400 (450) 450 (500) 500 (550) 600 (650) 700 g
Kontrast A (Rauma Vams mørk rød 23) ca 50 (100) 100 (100) 100 (150) 200 (200) 250 g
Kontrast B (Rauma Vams mørk petrol melert 404) ca 50 (50) 50 (50) 50 (100) 100 (100) 100 g
Overvidde 86 (96) 106 (116) 126 (136) 146 (156) 166 cm
Lengde på bol 35 (36) 37 (38) 39 (40) 42 (42) 43 cm
Pinnenr 4 mm og 5 mm
Fastleik 14 m/10 cm glattstrikk og 18 m/10 cm på den minste pinnen
Garnforslag Rauma Vams
2675 projects
stashed 1060 times
19078 projects
stashed 16761 times
1883 projects
stashed 1429 times
- First published: August 2021
- Page created: August 18, 2021
- Last updated: April 2, 2023 …
- visits in the last 24 hours
- visitors right now