Romjulsvottar by Ingvild Grane

Romjulsvottar

Knitting
January 2022
Sport (12 wpi) ?
30 stitches and 32 rows = 4 inches
in Stranded
US 0 - 2.0 mm
US 1½ - 2.5 mm
US 2½ - 3.0 mm
241 - 295 yards (220 - 270 m)
Dame, Herre, Barn 2-12 år
Norwegian
This pattern is available for kr.60.00 NOK buy it now

Desse vottane er inspirert av tradisjonelle, norske vevmotiv, og er laga med mål om at dei skal vere så klassiske og enkle i uttrykket at dei kan passe til alle - uansett kva stil ein har. Vottane passar både til kvardags og til dagar du vil pynte deg, og er skikkeleg varme og gode - heile vinteren gjennom.

No oppdatert med størrelsar for heile familien!

Med desse vottane testar eg noko nytt. Vottane finst i størrelsar frå 2 år og opp til voksen mann, men størrelsane er strikka i ulike garn og med ulike pinnestørrelsar. På den måten kan fleire størrelsar strikkast ut frå same mønsterdiagram, berre ved å endre garntype og pinnestørrelse.

Diagrammet for dei minste størrelsane brukar du f.eks både til å strikke størrelse 2 år, 4 år og 6 år, men du strikkar størrelse 2 år med Lamull og pinnestørrelse 2, medan du strikkar størrelse 4 år med Finull og pinnestørrelse 2,5, og størrelse 6 år strikkast med Ask og pinnestørrelse 3.

Alle størrelsar er oppgitt med ganske nøyaktig garnforbruk, slik at du kan bruke restegarn du har liggande. Spesielt dei minste størrelsane krev ganske lite garn, og er supre til restestrikk.

Du kan sjølvsagt bytte ut garnet i oppskrifta med anna garn du har liggande, pass berre på at strikkefastheita er omtrent den same. Og skulle vottane bli for store, kan dei med fordel tovast lett før bruk. Det gjer dei berre enda varmare.

Størrelsar: 2 år (4 år) 6 år (8 år) 10 år (12 år) kvinne (mann)

Garn og pinnestørrelsar:

  • Størrelse 2 år strikkast med Lamull frå Rauma garn på pinne nr 2
  • Størrelse 4 år strikkast med Finull frå Rauma garn på pinne nr 2,5
  • Størrelse 6 år trikkast med Ask frå Hillesvåg på pinne nr 3
  • Størrelse 8 år strikkast med Lamull frå Rauma garn på pinne nr 2
  • Størrelse 10 år strikkast med Finull frå Rauma garn på pinne nr 2,5
  • Størrelse 12 år strikkast med Ask frå Hillesvåg på pinne nr 3
  • Kvinne og mann strikkast med Finull frå Rauma garn på pinne nr 2,5

Garnmengde og fargar:

  • Barn 2 år: Ca 15 g av grunnfargen i 52 støva rosa og ca 10 g av mønsterfargen i 28 terrakotta i Lamull

  • Barn 4 år: Ca 20 g av grunnfargen i 406 beige melert og ca 15 g i mønsterfargen 476 mosegrønn i Finull

  • Barn 6 år: Ca 20 g av grunnfargen i 6010 mørk brun og ca 15 g av mønsterfargen i 6142 beige i Ask

  • Barn 8 år: Ca 20 g av grunnfargen i 28 terrakotta og ca 10 g av mønsterfargen i 52 støva rosa i Lamull

  • Barn 10 år: Ca 25 g av grunnfargen i 4138 pudderrosa melert og ca 15 g av mønsterfargen i 4006 blågrå i Finull

  • Barn 12 år: Ca 30 g av grunnfargen i 6142 beige og ca 20 g av mønsterfargen i 6010 mørk brun i Ask

  • Kvinne: Ca 35 g av grunnfargen i 4006 blågrå og ca 20 g av mønsterfargen i 4138 pudderrosa melert i Finull

  • Mann: Ca 60 g av grunnfargen i 476 mosegrønn og ca 30 g av mønsterfargen i 406 beige melert i Finull

Strikkefastheit:

  • Lamull: 32 m mønsterstrikk på pinne nr 2 = 10 cm

  • Finull: 28 m mønsterstrikk på pinne nr 2,5 = 10 cm

  • Ask: 26 m mønsterstrikk på pinne nr 3 = 10 cm