patterns > Ingvild Grane's Ravelry Store
> Spiresokken
Spiresokken
Desse sokkane er tynne nok til å kunne brukast heile året, både vår, vinter og kalde sommardagar, men likevel varme nok til at du aldri treng å fryse på føttene. Mønsteret er enkelt å følge, og passer godt dersom du ikkje har prøvd deg på fleirfargestrikk før.
Størrelse: Dame. Fotlengda kan justerast når du strikker, slik at den passer til alle damestr.
Garn: Enkel tråd Arwetta frå Filiconlana.
Garnmengde: 50 gram til grunnfargen og ca 30 gram til mønsterfargen.
Strikkefastheit: 32 masker mønsterstrikk på pinne nr 2,5 = 10 cm
Pinnar: Strømpepinnar nr 2,5
Tips! Du kan også strikke med andre garn enn det som er oppgitt her. Pass imidlertid på at garnet har omtrent same strikkefastheit som garnet i oppskrifta, slik at sokken ikkje blir for stor eller for liten.
49593 projects
stashed 24991 times
- First published: April 2021
- Page created: April 25, 2021
- Last updated: November 19, 2022 …
- visits in the last 24 hours
- visitors right now