Strandsteinhua by KO strikker

Strandsteinhua

Knitting
April 2019
Bulky (7 wpi) ?
1 repeat = 2 inches
US 7 - 4.5 mm
US 8 - 5.0 mm
109 - 153 yards (100 - 140 m)
To storleikar, liten og stor
Norwegian
This pattern is available as a free Ravelry download

Dette er eit gratis mønster, men om du har anledning og vil støtte KOstrikker så det blir enklere å fortsette med mønstermekking kan du kjøpe ein kaffi til meg på https://ko-fi.com/kostrikker
Takk!

Informasjon:
Om du deler bilete av hua du har strikka etter mønsteret bruk gjerne emneknaggane #strandsteinhua, #strandsteinlua eller #strandsteinhat. Bruk gjerne #kostrikkerdesign og #kostrikker i tillegg.
Treng du hjelp med mønsteret send meg ei melding på Ravelry eller send ein epost til kostrikker@gmail.com.

Storleik Liten (40 cm ustrekt, passar mellom 50-55 cm hovud) Stor (45 cm ustrekt, passar opp til 60 cm hovud)

Garn Fritidsgarn frå Sandnes Garn. Du kan eventuelt bruke typ Vamsegarn frå Rauma eller Blåne frå Hillesvåg. For å sikre bærekraftig jordbruk, miljøsertifiseringar og ikkje noko dyremishandling er det lurt å velje eit garn som er 100% norsk ull.

Mengde 100 (100) gram per storleik. Om du ynskjer å gjere den større eller lage ein pompom bør du rekne eit ekstra nøste i den største storleiken.

Pinnar 4,5 mm og 5 mm i 40 cm (eventuelt 80 cm til magic loop eller settpinnar)

Strikkefastleik ein rapport bør måle 5 cm x 3,5 cm for å få rett storleik.