Sverregenser (tjukk) by Hanne Remme

Sverregenser (tjukk)

Knitting
May 2024
DK (11 wpi) ?
22 stitches = 4 inches
US 2½ - 3.0 mm
US 4 - 3.5 mm
301 - 875 yards (275 - 800 m)
3 (6) 9 månadar (1) 2 (4) 6 (8) år
English Norwegian
This pattern is available for kr.60.00 NOK buy it now

Sverregenser er ein tidlaus genser med små og fine detaljar. Genseren er spesielt tiltenkt handfarga garn for å få fram fargespelet i garnet, men den gjer seg minst like fin som einsfarga. Genseren vert strikka ovanfrå og ned med vendepinnar (german short rows) i nakken for god passform. Den har brei raglan, litt ballong-erme og nydeleg dobbel vrangbord rundt handleddet. Den er litt stor i størrelsen. Genseren passar perfekt for både den erfarne, og den ferske strikkaren!

Sjå Sverrelue og bukse for match!

Størrelsar:
3 (6) 9 månadar (1) 2 (4) 6 (8) år

Overvidde:
ca 58 (61) 63 (65) 70 (75) 79 (83)cm

Garn:
Strikkeremme handfarga garn tjukk merinoull (100g = 225m)

Garnmengde:
150 (150) 200 (200) 250 (300) 350 (350)g

Nøyaktige garnmengder
Dei som teststrikka genseren brukte (gjennomsnittleg): 275 (315) 360 (375) 545 (615) 655 meter med garn. Dersom du vil strikke størrelse 3mnd til dømes Drops merino extra fine (50g = 105m) kan du rekne slik:
105 meter /50g = 2,1 meter per gram.
275 meter brukt av teststrikkar / 2,1 meter per gram = du treng ca 131g med garn

Glad i mohair?
Dersom du vil, kan du fint strikke denne genseren i tynn merino saman med ein følgetråd på pinne 3,5 og 4,0. Dersom du brukar Strikkeremme handfarga garn tynn merinoull (100g = 400m) saman med Strikkeremme handfarga garn mohair (50g = 240m) estimerer eg at du vil trenge 100 (100) 100 (100) 150 (200) 200 (200) gram tynn merinoull og 50 (50) 50 (50) 75 (100) 100 (100)g mohair. Merk: dette er KUN eit estimat, og har ikkje blitt testa av teststrikkarane. Hugs å sjekke strikkefasthet.


The Sverre sweater is a timeless garment with delicate details. The sweater is designed specifically for hand-dyed yarn to showcase the yarn’s colors, but it looks equally beautiful in solid colors. It is knitted top-down with German short rows in the neckline for a good fit. It features a wide raglan, slightly balloon sleeves, and a lovely double ribbing around the cuffs. The sweater runs slightly large in size. It is perfect for both experienced and new knitters!

Sizes:
3 (6) 9 months (1) 2 (4) 6 (8) years

Yarn amount:
150 (150) 200 (200) 250 (300) 350 (350) g

Exact yarn quantities
Test knitters used an average of: 275 (315) 360 (375) 545 (615) 655 meters of yarn.

Love mohair?
If you prefer, you can knit this sweater in thin merino wool together with a mohair thread on needles 3.5 mm and 4.0 mm. If using Strikkeremme Hand-dyed yarn thin merino wool (100g = 400m) with Strikkeremme Hand-dyed yarn mohair (50g = 240m), you would estimate needing 100 (100) 100 (100) 150 (200) 200 (200) grams of thin merino wool and 50 (50) 50 (50) 75 (100) 100 (100) grams of mohair. Note: This is an estimate and has not been tested by the test knitters. Remember to check gauge.