patterns > Annerledes
> T-10 skjørt
T-10 skjørt
Dette er eit deilig varmt skjørt ein kan bruke både til kvardags og fest. Det er strikka frå toppen og ned og kan dermed både prøvast på undervegs og lengda kan enkelt bli tilpassa. I midja er det ein løpegang så du kan ha strikk for å halde det oppe. Aukingane er inkludert i holmønsteret, og er enkelt å tilpasse om du vil ha det vidare eller smalare. Nedst er det ein icordavfelling for å unngå at det rullar opp. Likar du ikkje icord kan det byttast ut med riller.
*
T10 er ein rundskjerm utvikla av det amerikanske forsvaret på 50-talet. I dag blir kan brukt militært, men har tidlegare også vore brukt av sivile fallskjermhopparar. (Mills Manufacturing, 2019, henta frå http://www.millsmanufacturing.com/products/t-10-parachute...)
Storleikar: Mine oppskrifter tek utgangspunkt i verkelege kroppar og ikkje i kjedebutikkane sine standardar. Difor er det ekstra viktig at du samanliknar dine kroppsmål med måla oppgitt i oppskrifta.
Strikk etter storleiken som er nærast ditt midjemål. Lengda kan tilpassast som du ønsker.
XS (S) M (L) XL (XXL)
Mål:
Midje: 63 (73) 81 (91) 100 (109) cm
Vidde nedst: 140 (160) 180 (200) 220 (240) cm
Heil lengd: 50 cm eller ønska lengd
Garn:
Værbitt Venull Finslig (100 g = 375 m. 85 % lamull frå NKS, 15 % pelsull)
Brukar du eit anna garn, pass på å få om lag like mange meter som oppgitt. Ved bruk av anna garn kan plagget endre uttrykk. Forslag til andre garn er Rauma Finull
Ønsker du eitt tettare stoff er også Rauma 3. tråds heilt supert, og ønsker du meir fall i skjørtet funkar Sandnes Alpakka veldig bra.
Farge 1: 200 (250) 250 (300) 300 (350)
Strikkefastleik: 22 m glattstrikk = 10 cm
Pinnenummer: 3,5 mm eller det du treng for å få rett strikkefastleik.
27699 projects
stashed 17383 times
6373 projects
stashed 5691 times
8506 projects
stashed 5323 times
- First published: February 2019
- Page created: January 6, 2019
- Last updated: March 5, 2019 …
- visits in the last 24 hours
- visitors right now