patterns > KO strikker's Ravelry Store
> Talogenser
Talogenser
Dette er eit gratis mønster, men om du har anledning og vil støtte KOstrikker så det blir enklere å fortsette med mønstermekking kan du kjøpe ein kaffi til meg på https://ko-fi.com/kostrikker
Takk!
Mønster info
Talogensaren er ein enkel genser som er litt oversized, men som gjerne kan strikkast litt kort for å få fram mønsteret nederst på gensaren. Gensaren er passe varm med ein litt tett tettleik i Drops Air. Den funker både over kjolar, skjørt og til jeans eller shorts på sommarkveldane. Gensaren er strikka ovanfrå og ned med raglanaukingar og er lett å tilpasse sin eigen kropp. Ermehòla kan lett justerast med å strikke nokre omgongar ekstra før ein deler av til ermer. Den er monteringsfri og lett å tilpasse til eigen kropp, i og med den er strikka ovanfrå og ned er det lett å forlenge både bærestykke, bol og ermer, samt å kanskje felle eller auke til midje og hofter. Talogensarer kan gjerne ha 10-15 cm ekstra bevegelsesvidde i forhold til dine kroppsmål. Måla er oppgitt i ferdige mål av plagget. Gensaren er avbilda med 20 cm ekstra bevegelsesvidde.
Talo tyder hus på kvensk og du skjønar kanskje kvifor eg ville kalle genseren det når du ser hòlmønsteret.
Om du deler ditt prosjekt på instagram bruk gjerne #Talogenser og #kostrikker og tag @kostrikker
Overvidde 95 (103) 111 (123) 132 (143) 152 (164) 172 cm
Tettleik 18 m/10 cm glattstrikk
Lengde 72 (74) 75 (75) 76 (77) 78 (80) 80 cm
Garnforslag Drops Air (150m/50g)
Pinnenr Pinne 4mm og 5mm
Mengde g 6 (6) 7 (7) 8 (8) 9 (10) 10 nøster
29891 projects
stashed 14367 times
218 projects
stashed 179 times
3159 projects
stashed 1687 times
- First published: June 2021
- Page created: June 28, 2021
- Last updated: November 7, 2024 …
- visits in the last 24 hours
- visitors right now