patterns > Votteklubben 2020 > Votteklubben 2020 and 1 more...
> Vadheimvotten
Vadheimvotten
Dette er eit gratis mønster, men om du har anledning og vil støtte KOstrikker så det blir enklere å fortsette med mønstermekking kan du kjøpe ein kaffi til meg på https://ko-fi.com/kostrikker
Takk!
Desse vottane er inspirert av ei tine som er utstilt på Sunnfjord-museum. Diagrammet har eg teikna etter inspirasjon, så det er ikkje heilt likt som på tina, men det var ein kjekk utfordring å sjå korleis eg kunne teikne eit liknande mønster inn i eit vottediagram! Vadheim er ein plass langs E39, der du enten kan kjøre mot Høyanger eller mot Førde, ein plass som ein så ofte køyrer forbi, men sjeldan stoppar på.
Om du deler bilete av vottane kan du gjerne bruke emneknaggen #vadheimvotten. Du kan gjerne tagge meg, @kostrikker eller bruke #kostrikker på instagram så eg får sjå dei fine vottane dine! (Bruk gjerne #kosvotteklubb2020 for å vere med i vottesamstrikken og sjå vottane samla)
Treng du hjelp med mønsteret kan du sende ein epost til kostrikker@gmail.com
Storleik liten (ca 11 cm breidde) (stor 12 cm breidde)
Lengde liten (ca 19 cm lang) stor 20,5 cm lang)
Pinne 2,5mm og 3,5mm
Strikkefastleik 26 m x 27 omg/10 x 10 cm
Garnforslag Rauma 3tr strikkegarn, Peer Gynt, Hifa Embla
Mengde garn 50g bunnf, 50g mønsterf 100g bunnf, 50g mønsterf
6360 projects
stashed 5678 times
14010 projects
stashed 8709 times
485 projects
stashed 304 times
- First published: September 2020
- Page created: September 4, 2020
- Last updated: April 2, 2023 …
- visits in the last 24 hours
- visitors right now