patterns > Ingvild Grane's Ravelry Store
> Vårbudvotten i alle størrelsar
Vårbudvotten i alle størrelsar
Klassiske, varme vottar! I denne pakken får du alle vottestørrelsane samla: Både damevott, herrevott, babyvott og vottar til store og små barn.
Om du er som meg, og lengtar etter våren alt tidleg i januar, er dette vottane som kan korte ned ventetida. Dei har eit motiv inspirert av blomstring og blad og solskin, og her får du oppskrifter i størrelsar som passer heile familien. Sidan vottane er tova, held dei hendene dine varme og gode gjennom resten av vinteren. Heilt til våren!
Du velger om du vil strikke mansjett i klassisk ribbestrikk eller i blondestruktur på vottane. Begge er beskrive i oppskrifta.
Vottane er strikka med pinne nr 2,5, og med garnet Pickles pure wool. Sidan vottane skal tovast til slutt, kan du eksperimentere med andre garn også. Undervegs i tovinga kan du prøve vottane på, slik at du tilpasser dei til din størrelse. Pass berre på at garnet er i reint ull, slik at dei kan tovast.
2947 projects
stashed 1719 times
- First published: February 2020
- Page created: January 16, 2022
- Last updated: October 31, 2024 …
- visits in the last 24 hours
- visitors right now