patterns >
Lisbeth S Grytten's Ravelry Store
> Øygenseren



Øygenseren
Øygenseren er ein deilig, lett og varm genser i 100% norsk ull, som er perfekt for turar i fjøra eller i fjellet, eller rundt bålet ein litt kjølig haustkveld.
Den er i utgangspunktet designa for kvinner, men kan tilpassast menn ved å justere ermelengde.
Oppskrifta passar best for dei som har litt erfaring med mønsterstrikk, men med litt tålmod kan alle greie å strikke denne genseren.
Overvidde: 88 (96) 104 (112) 120 cm
Ermelengde: 47 (48) 49 (49) 49 cm
Bollengde: 39 (40) 41 (42) 43 cm
Garn: Vams frå Rauma Garn. 100 % ull. 50 g = 83 m
Strikkefastleik: 15 m = 10 cm
Pinnar: 5,0 mm og 6,0 mm
Det er viktig å strikke ein prøvelapp for å finne ut om pinnane du brukar gir ein strikkefastleik på 15 m per 10 cm. Dette for å sikre at genseren får dei måla som er oppgitt i oppskrifta. Prøv deg fram til du finn dei pinnane som gir rett strikkefastleik.
Følg meg gjerne på Instagram! @fjorestrikk
Lykke til!
2853 projects
stashed
1162 times
- First published: November 2021
- Page created: November 22, 2021
- Last updated: August 21, 2023 …
- visits in the last 24 hours
- visitors right now