Yrmappe by Makalani Sæther

Yrmappe

Crochet
June 2022
both are used in this pattern
yarn held together
Sport
+ Lace
= Sport (12 wpi) ?
23 stitches and 22 rows = 4 inches
in Moss stitch
3.5 mm (E)
328 yards (300 m)
Small, Medium, Large
Norwegian
This pattern is available for kr.50.00 NOK buy it now

Yrmappa er hekla med berre fastmasker, luftmasker og kjedemasker. Dette er difor eit perfekt prosjekt også om du er ny i hekleverda.

Mappa har ein lekker struktur som minner meg om lett yr - vêret me har i Bergen når det ikkje ausregnar.

Mappa kjem som liten, medium og stor. Den passar like bra i parken som på fest. Mønsteret inneheld ei detaljert skildring av korleis du syr i glidelås og fôr – så dette får du til, også om du aldri har gjort noko slikt før!

Yrmappe kjem i tre str; Liten (Medium) Stor. Måla er 14 x 10 cm (17 x 12 cm) 23 x 14 cm

Heklefasthet: 10 x 10 cm tilsvarer ca. 23 masker vevmønster (tel både fm og lm) og 22 rader

Garnforslag: Mappa på bilete er hekla med 50 gram Kid Silk by Merinor (212 m/25 gram) saman med 50 gram Stay Petite by Merinor (166 m/50 gram). Oppskrifta inneheld også informasjon som viser korleis du tilpassar - slik at du kan hekla med ca kva garn som helst.

Heklenål: Str. 3,5 mm, eller den som gjev rett heklefasthet. Str. 3 mm til øvre kant.

Fôr: 15 x 22 cm (18 x 26 cm) 24 x 30 cm. Bruk gjerne gjenbrukstekstil utan stretch, som eit gammalt putetrekk.

Glidelås: 14 (17) 23 cm (eller nokre cm lengre).

Du treng også: Saks, stoppenål, synål, sytråd.