Hei! No kan du kjøpe ein god del av vottemønstra mine samla som ei ebok! Eg har samla “dei gamle” slagarane i denne eboka og håpar den kan vere nyttig for dei som er nye til mine mønster. Mønstera er fortsatt å få enkeltvis, men har ein høgare pris per stykk enn om du kjøper heile boka. Som ein intropris blir den å ligge på 200 kroner ei stund framover. Det betyr at kvart mønster berre koster 20 kroner! Kanskje treng du ei julegave til ein strikkar (eller kanskje til deg sjølv?) og kva er vell ikkje betre ein eit utval vottemønster.