Lisbeth S Grytten

Patterns available as Ravelry Downloads

Knitting: Beanie, Toque
Havlua er ein hyllest til det fantastiske havet og til alle dei som jobbar for å ta vare på det. Du strikkar den i to trådar Finull, og lengda på lua kan tilpassast til kvar enkelt. Oppskrifta er ikke komplisert, så den er eit fint prosjekt om du er nybegynnar.
Knitting: Pullover
Blomstre er ein genser for barn i storleikane 2 (4) 6 (8) 10) 12 år. Du strikkar ovanifrå og ned, og du formar berestykket ved hjelp av raglanaukingar.
Knitting: Pullover
Vimsegenseren vert strikka ovanifrå og ned. Du startar med å strikke bakstykket fram og tilbake. Deretter plukkar du opp maskar på kvar skulder for å strikke forstykket. For- og bakstykket vert deretter samla på èin pinne, og du strikkar rundt til ønska lengde. Du plukkar til slutt opp maskar til ermar og til halskant.
Knitting: Pullover
Vimsegenseren vert strikka ovanifrå og ned i klassisk stripemønster. Den finst i storleikane 2, 4, 6 8 og 10 år.
Knitting: Coat / Jacket
Ruslejakka vert strikka i glattstrikk fram og tilbake, ovanifrå og ned. Den har raglanaukingar, og halsutringinga vert laga ved å strikke vendepinnar.
Knitting: Slippers
Tusletøfler jr er deilige tovatøfler til barn. Dei er strikka i Vams frå Rauma Garn. Du treng 1 nøste i dei 3 minste storleikane og 2 nøster til dei to største.
Knitting: Baby Blanket
Tassenteppe er eit deilig babyteppe i norsk ull. Det passar fint i bilsetet, i barnevogna eller som koseteppe heime.
Knitting: Slippers
Tusletøfler er varme, gode tovatøfler som er enkle og raske å strikke. Dei er supre som gjestetøfler i hagestova eller på hytta, og sjølvsagt perfekt gåvestrikk til familie og vener.
Knitting: Baby Blanket
Bølgepledd jr er “veslebroren” til det store Bølgepleddet i Vams. Fivel er like mjukt og varmt som Vams, berre litt tynnare. Du strikkar det på pinne 6, eller på den pinnen som gir ein strikkefastleik på 17-18 maskar på 10 cm breidde.
Knitting: Home - Other
Kvile sitteunderlag er strikka i Vams, og storleik etter toving er ca 42 x 44 cm.
Knitting: Pullover
Fjøregenseren er strikka nedanfrå og opp. Du strikkar den “ut-inn” for å sleppe å strikke så mange omgangar vrangstrikk. Oppskrifta er i utgangspunktet i damestorleikar, men ved å evt. forlenge bol og/eller ermar vil den òg passe perfekt til menn.
Knitting: Beanie, Toque
Kuling lue er strikka i to trådar Finull fra Rauma Garn. Ved å velje to ulike fargenyansar på garnet får lua ein fin melert utsjånad.
Knitting: Throw
Bølgepleddet er strikka i det velkjende bølgemønsteret, og er eit overkommelig prosjekt for dei aller fleste som har strikka litt frå før. Eg valde å bruke Vams frå Rauma Garn då dette er eit mjukt og lett ullgarn laga i Noreg av norsk ull. Pleddet vart like varmt og behageleg som eg trudde!
Knitting: Beanie, Toque
Storm lue er ei varm og deilig lue til dei kaldaste dagane, på fjellet, i skogen, i fjøra eller på sjøen. Den er strikka i ribbestrikk heile vegen. Du strikkar med vranga ut, og vrenger lua når du har felt av.
Knitting: Headband
Har du restar av Vams eller tilsvarande garn, er Bris panneband eit perfekt prosjekt! Du treng ca 34 g med garn, men du kan tilpasse lengda etter ønske (eller mengde med garn du har).
Knitting: Pullover
Øygenseren er ein deilig, lett og varm genser i 100% norsk ull, som er perfekt for turar i fjøra eller i fjellet, eller rundt bålet ein litt kjølig haustkveld.